Påmelding til innetrening - haust/vinter 19/20
Postet av Førde IL - Friidrett den 27. Sep 2019
Påmelding for treningar haust/vinter 19-20 er lagt ut no.
Vi har lagt ut dei plassane vi har ledig på gruppene våre.
Gå inn på denne linken for å melde på:
https://friidrett.fordeidrettslag.no/events/ticketcart?eventid=1000031090
Oppdatert informasjon om treningstider med meir.
Postet av Førde IL - Friidrett den 8. Sep 2019
Vi har oppdatert informasjon om treningstider. Du finn det under menyen for Trening - Medlem og Treningstider, eller ved å gå på linken under:
https://friidrett.fordeidrettslag.no/p/23632/treningstider
Idrettsmerkejubilant - Arnfinn Grøneng
Postet av Førde IL - Friidrett den 14. Jun 2019
Tysdag kveld fekk idrettsmerkejubilantar merke og diplom frå idrettskrinsen.
Dei tok idrettsmerket for 40., 50. eller 60. gong i 2018.
Blant desse var Arnfinn Grøneng frå Førde IL, som tok sitt 40. merke.
Gratulerer til Arnfinn, og resten av jubilantane!
Les meir på idrettskrinsen sine sider:
Informasjon rundt lag til Breimsstafetten
Postet av Førde IL - Friidrett den 11. Apr 2019
Det er snart tid for Breimsstafetten.
Det vert arrangert 2 testløp med tanke på gute- og jentelag. Første testløp er 22.april.
Dei som er interressert i å vere med på gute- eller jentelag på Breimsstafetten må stille på testløpa. Det gjeld uavhengig av om ein har gått fast på trening i vinter, eller ikkje.
Lag til stafetten vert tatt ut basert på desse løpa, og dei som er registrert som deltakarar der.
Lag frå Førde som skal delta på stafetten skal vere meldt på av Førde IL Friidrett.
Vi satsar og på å få stilt fleire rekruttlag. Vi kjem med meir informasjon rundt det.
Helsing
Førde IL Friidrett.
Årsmøte i friidrettsgruppa tysdag 26.02, kl 20
Postet av Førde IL - Friidrett den 11. Feb 2019
Førde IL Friidrett kallar inn til årsmøte tysdag 26.02 , kl 20
Møtet vert halde i FIL-huset i Hafstadparken.
Årsmøtesaker:
- Vanlege årsmøtesaker
- Eventuelle innkomne saker
Saker som skal takast opp på årsmøtet må vere sendt inn til gruppestyret seinast fredag 22.02.
Saker kan sendast pr. e-post til adressa: fil.friidrett@outlook.com
Helsing
Styret i friidrettsgruppa.