Oppdatert 09.10.20
Førde IL Friidrett har treningar i Førdehuset etter haustferien, og fram til påskeferien.
Det er og trening i Haukedalen.
Treningstider ute på Førde Stadion:
Måndag kl 18-19:30 5. Klasse og eldre
Dette er trening for dei som har vore med på innetrening gjennom vinteren og vore med ute gjennom sommaren. Denne går fram til haustferien.
Treningstider haust/vinter:
Treningsdagar i Førdehuset vert måndagar og torsdagar.
Måndagar kl 17-19 (5.klasse og eldre)
Torsdagar kl 18-20( kl 18-19: 1-2.klasse, kl 19-20 3-4.klasse).
Treningsdag i Haukedalen er onsdag, kl 17:30-19:30 (2.grupper)
Treningsavgifter:
Trening haust/vinter: 800,-
Trening ute/-aktiv utøver: 300,-
Aktive utøvarar må vere medlem av Førde IL Friidrett, og ha betalt avgifta før vi refunderer startkontingentar.
Dei som deltek på treningane skal vere medlem i Førde Idrettslag.
Påmelding
Oppdatert 12.10.20:
Skjema for påmelding er stengt for registrering. Det er sendt ut melding til dei som går på mandagstrening.
Melding for dei som går på 1-2.kl og 3-4.kl vert sendt ut måndag 12.10.
Du finn påmelding her: https://tinyurl.com/filfriidrett2020
På 1-2.klasse gruppa i Førdehuset er det behov for eit par trenarar til.
Dersom nokon har lyst/anledning, så skriv det inn i kommentarfelt ved påmelding.
På 5.kl og eldre gruppa vil dei som har vore med på trening ute i vår og sommar verte prioritert ved påmelding.
NB: Denne sesongen kan det verte endringar på kort tid, av omsyn til korona og reglar for smittevern.
Det vert difor færre plassar pr.gruppe i år enn tidlegare.
Størrelse på grupper kan endre seg iløpet av sesongen, alt etter kva retningslinjer ein vert pålagt.