Bruframlegget mellom Førdehuset og Hafstadparken vekker harme i Førde IL
Postet av Førde IL den 29. Okt 2017
Utklipp Firda 28.10.2017:
FØRDE: – Vi er harme, seier leiar Tor Starheim i Førde Idrettslag.
AV: Sigurd Løseth, Firda
Han reagerer sterkt på at Statens vegvesen tilrår å legge ei rundkøyring framfor Førdehuset og ta kunstgrasbana til parkeringsplassar i ei løysing for bru over Jølstra frå Hafstad til Angedalsvegen som ligg inne i Førdepakken.
– Førde IL har 1200 medlemmer som spelar fotball. Det er halvparten av medlemsmassen vår. Det er ikkje a-laget som blir råka, men breiddefotballen. Vi har ikkje ein kvadratmeter bane å avstå. Hafstadparke er alt sprengt, fastslår Starheim.
Han meiner forslaget vil vere øydeleggande for dagens tilbod og aktivitet, men knuser også planar for framtida.
Kunstgrasbana sentral
– Vi held på med eit konsept som vi kallar Nye Førde stadion der kunstgrasbana er ei heilt sentral brikke. Dette konseptet som ordførar, rådmann og kommunalsjef i Førde kommune kjenner godt til, og som naturlegvis Håkon Fimland var djupt inn inne i, omfattar ikkje berre fotballen, men også ei totalrenovering av friidrettsarenaen. Vi har venta på at Førdepakken skulle komme med utkastet sitt for bruløysing, men håpa naturlegvis at kunstgrasbana ikkje skulle gå med, seier Starheim.
I årevis har det vore ein debatt om å legge kunstgras på hovudbana, men fleirtalet i idrettslagsstyret har stemt det ned fordi Førde ville miste statusen som nasjonal friidrettsarena. Av omsyn til kastøvingane må det vere grus eller naturgras på anlegget.
– Det er ikkje lenger tilbake enn i 2013 at Førde-fotballen kjempa om opprykk til det som no heiter Obosligaen. Før sommaren det året leia vi heile avdelinga. I dette klimaet vart det igjen tenkt at vi måtte utvide fotballbana til 105 x 68 meter. I denne prosessen kom konseptet Nye Førde stadion på plass. Vi har også teikna inn 60 meter innandørs sprintbane og skyteanlegg under tribuneanlegget. Alt er gjennomtenkt og planlagt med plass til 1800 tilskodarar under tak, fortel Starheim.
Utandørskonsertar
– Anlegget vil også kunne bli brukt til utandørskonsertar og utvide Førdehuset sin status som storstova i byen, legg han til.
Starheim opplever at kommuneleiinga er begeistra for planane til 85 millionar kroner, men etter ein intern diskusjon er arbeidet stoppa opp. Også andre anlegg pressar seg fram i tida. Både handballen, turn, symjegruppa og volleyball har store behov og forventningar.
– Førde Idrettslaget har i lag med Førde industri- og næringssamskipnad likevel tankar om å presentere både idretten og næringslivet sine ønske og visjonar for Førdehuset, seier Starheim som midt opp i alt dette åtvarar kommunen sterkt mot å gløyme utviklingspotensialet utandørs når brutrasé over Jølstra skal fastleggast.
Dekket på kunstgrasbana ved Førdehuset er fullstendig utslite og underlaget knallhardt, og skulle vore skifta ut for lengst. I dag er det grendeserien og barnegruppa som spelar kampane sine på bana, i tillegg til at den vert brukt av skulane.
– Eg skal tilstå at Førde IL gjennom konseptet Nye Førde stadion har ansvaret for at bana ikkje har fått nytt kunstgras. Kommunen budsjetterte midlar i 2014, men dette blei lagt inn i konseptet for ny stadion, seier han.
Viktige synergiar
I staden for å legge desse planane i ruinar, meiner han Førde kommune må stå på for å få fram utviklingspotensialet som ligg i området.
– Hafstadparken har venta på brua for at idretten i endå større grad skal kunne dra nytte av synergiane mellom Førdehuset og Hafstadparken, både under Førde Cup og andre samanhengar. Avstanden er kort, ikkje berre i luftlinje, men også for praktiske funksjonar. Dette er også éin av grunnane til at Førde Idrettslag har lagt så stor innsats i å få bygt Hafstadparken, seier Starheim.
– Hadde ikkje Oddvar Huseklepp, Ove Farsund og Knut Folkestad vore så uthaldande i sitt verk, hadde det sannsynlegvis ikkje komme nokon Hafstad idrettspark. Det skulle gå 10–11 år med korridorpolitikk før det vart etablert ein utbyggingsavtale. På det tidspunktet hadde Førde Idrettslag og vår gode venn, kommunalsjef Håkon Fimland, som stod like mykje på for idrettslaget som for kommunen, samla inn 18 millionar kroner til prosjektet.
– Å fjerne éi av i alt tre kunstgrasbaner i området vil mildt sagt vere lite framtidsretta for senteret i den nye kommunen i Indre Sunnfjord, seier Tor Starheim.
Sjå video av Nye Førde Stadion på firda.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.