Informasjon om veteran NM i Førde 25.-27. juni 2021
Postet av Førde IL - Friidrett den 12. Jun 2021
Felles NM-middag: Lørdag kl 1900 på Scandic Sunnfjord Hotel – kr 300 for varmmat og dessertbuffet og kaffi.
Påmelding til sunnfjord@scandichotels.com eller telefon 57834000 innan 21. juni, ref: veteran-NM-middag.
Årets veteran-skjorte:
Kan bestillast hos Fjordprofil AS i Førde. Kr 200. Send bestilling til trond@fjordprofil.no innan 15. juni 2021.Vi tar betaling på Vipps, eller kontant ved henting på stevnekontoret under meisterskapen. Sjå vedlegg
Minner om at ein må skaffe seg heilårslisens for banearrangement. Meir informasjon om dette på friidrett.no
For dei som ikkje enno har betalt påmelding; Det er tid for å gjere det no. Kontonummer 3700.07.13954
Av smittevernhensyn ber vi om at dei som kan, tar med eigen kastredskap.
Årets Veteran NM T-skjorte kan kjøpes her
Postet av Førde IL - Friidrett den 12. Jun 2021
Her er årets Veteran NM T-skjorte.
Pris kr. 200,-
Den kan du bestille hos Fjordprofil AS i Førde. Hugs å oppgi størrelse.
Bestillingsmail: trond@fjordprofil.no
T-skjorte med rund hals, 100% polyester.
Finst i størrelser XS - 5XL. Vekt: 135 g/m2
Dugnadslister for Veteran NM og Førde Opp
Postet av Førde IL - Friidrett den 27. Apr 2021
Vi har laga til dugnadslister for Veteran NM som etter planen vert arrangert 25-27.juni og for Førde opp som er planlagt arrrangert 28.august.
Lista ligg her:Dugnadsliste_NM-Veteran_og_Forde-Opp2021.pdf
For dei som er sett opp på dugnad, så får de prøve å byte dag med andre på lista, dersom det ikkje passar, eller finne nokon som kan erstatte dykk.
Dei som er på lista er plukka ut frå dei som har ungar som har vore registrert på treningane som har vore i haust/vinter. Det er altså namn på ein av foreldra som står på lista.
De vert kontakta seinare når det gjeld tidspunkt for oppmøte.
Håpar alle har lyst og mulighet til å bidra.
Helsing
Førde IL Friidrett.
NM i friidrett for veteran i Førde i 2021
Postet av Førde IL - Friidrett den 7. Jan 2021
NM i friidrett for veteran blir arrangert 25.-27. juni 2021 i Førde i Sunnfjord.
Førde IL Friidrett ynskjer velkommen til NM Veteraner på Førde stadion 25.-27. juni 2021
ØVINGSUTVAL
Fredag:
Kvinner: 100m, 1500m, høgde, slegge, kule, stav og 3000m kappgang.
Menn: 100m, 5000m (35-59)/3000m (60 år og eldre), lengde, slegge, stav og 5000m kappgang.
Laurdag:
Kvinner: Langhekk, 200m, 800m, 3000m, 2000m hinder, lengde, diskos, spyd og 1000m stafett.
Menn: Langhekk, 200m, 800m, 3000m hinder (35-59), 2000m hinder (60 år og eldre), høgde, diskos, kule og 1000m stafett.
Søndag:
Kvinner: Korthekk, 400m, 5000m, tresteg og vektkast.
Menn: Korthekk, 400m, 1500m, 10000m (35-59), 5000m (60 år og eldre), tresteg, vektkast og spyd.
STARTKONTINGENT OG PÅMELDING
Startkontingenten er kr. 190 for enkeltøvingar og kr. 450 for stafettlag.
Påmeldingsfristen er 15. juni kl. 23.59. Påmelding blir gjort via Min idrett:
https://minidrett.nif.no/Event#366039-011, eller via e-post til
fil.friidrett@outlook.com med namn, klubb, fødselsår, adresse, tlf.nr og øvingar med bestenotering. Ved påmelding skal startkontingenten sendast til Førde IL Friidrett kontonr: 3700 07 13954. Grunna korona-situasjonen ber vi om at innbetalinga skjer etter 1. juni.
COVID-19 OG SMITTEVERN
Arrangøren tek forbehold om endringar i øvingsutvalet på kort varsel grunna smittevernshensyn. Gjeldande smittevernsreglar til NFIF blir følgde.
Registrering smittesporing:
Fredag til søndag skal ALLE registrere seg via NIF’s korona-app https://qrona.nif.no/login-or-checkin før inngang arena.
STARTNUMMER
Det blir utlevering av startnummer i stadionbygget frå kl. 12 – 19 fredag, frå kl. 0816 laurdag, og frå kl. 08-14 søndag. Utlevering av startnummer skjer frå NMkontoret ved stadion.
OVERNATTING
Arrangøren har gjort følgjande avtale med Scandic Sunnfjord Hotel (5 min gåtur unna stadion).
Prisar rom/frukost per natt:
Enkeltrom: 990,-
Dobbeltrom: 595,- per person (1190,- for rommet)
Trippeltrom/ 4-sengsrom: 495,- per person (1485,- / 1980,- for rommet).
Bestilling innan 1. mai for desse prisane, direkte til hotellet på mail:
sunnfjord@scandichotels.com eller 57 83 40 45. Referanse ved bestilling:
«Veteran NM friidrett». 14 Dagars avbestillingsfrist.
KONTAKT
Nestleiar i hovudkomiteen: Asgeir Årdal 95776292 asgeir.ardal@friidrett.no
Leiar i hovudkomitèen: Jan Svoen 41564455 jansvoen@hotmail.com
For meir informasjon: https://friidrett.fordeidrettslag.no/
Førde IL Friidrett ynskjer deltakarar og leiarar hjarteleg velkomne til Veteranmeisterskapet på Førde stadion 25.-27. juni 2021.
Informasjon om overnatting finn de her: