Rulleskiprosjektet får 1 mill frå Gjensidigestiftelsen!
Postet av Førde IL den 10. Des 2015
I tre år har dei arbeidd med tanken, og med dette solide økonomiske bidraget reknar dei med å starte arbeidet med den asfalterte løypa allereie til våren. Sommaren 2017 håpar dei kunne ta i bruk løypa, og at Langeland skisenter med det då er blitt eit heilårsanlegg.
Over all forventing
Børge Klakegg var den frå styret som fysisk søkte om støtta, men han hadde ikkje drøymt om at dei ville få ein heil million.
– Så mykje hadde eg ikkje tort å håpe på ein gong. No er eg berre utruleg glad og letta. Dette var det siste dyttet vi trengde for å få alt på plass, seier Klakegg.
Anlegg for fleire
– Tenk å komme seg så langt ut i naturen i rullestol, og kunne sjå Storehesten frå løypa, seier Klakegg
Med millionen anlegget no har fått i støtte, reknar dei også med å kunne realisere planane om ein «myldreplass»: Eit asfaltert område der til dømes nybyrjarar på rulleski eller menneske med funksjonshemmingar kan boltre seg på hjul under trygge tilhøve.
Dette har vege tungt hos Gjensidige Stiftelsen som i år deler ut 5,7 millionar til 32 prosjekt i fylket.
– I tillegg til tryggleiken for rulleskigåarane, kan dette støtte opp om fysisk aktivitet for fleire aldersgrupper og for både funksjonsfriske og funksjonshemma utøvarar, seier tillitsvalt i stiftinga, Oddgeir Lunde, om grunnen til at Langeland stakk av med ein såpass stor del av potten.
– Det er heilt avgjerande for oss å få eit slikt bidrag, og at vi slepp å gå til fleire titals næringslivsaktørar for å prøve å få noko tilsvarande, fastslår Bjørset.
PLANEN
- 3,3 kilometer asfaltert løype i tilknyting til dagens løypenett på Langeland.
- Kostnaden er rekna til om lag 8 millionar kroner.
Den største motivasjonen for å få på plass ei asfaltert løype har vore å auke tryggleiken for dei som står på rulleski, ved å gje dei eit alternativ til bilvegen. I tillegg er meininga at løypa også skal kunne nyttast av syklande, og også av rullestolbrukarar.
Les også: Får 2,2 millionar til rulleskibane
NIF: Enklere idrettslag 2016
Postet av Førde IL den 4. Des 2015
Viktig informasjon fra Norges idrettsforbund til alle idrettslag
På Idrettstinget i juni 2015 ble det fattet vedtak som får betydning for alle idrettslag i NIF. Det er blant annet besluttet at flere rapporterings- og søknadsfrister for idrettslagene skal samles, slik at idrettslagene har færre frister å forholde seg til. Dette vil gjøre driften av idrettslagene enklere, og vil innebære at det i 2016 blir noen nye frister.
For å hjelpe idrettslagene har NIF etablert følgende nettside der all ny informasjon er samlet:
Enklere idrettslag på 1-2-3:
https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/enklere_idrettslag_2016/
Nedenfor har vi oppsummert de tre viktigste punktene:
1: Årsmøtet må avholdes innen 31. mars
NIF jobber for å forenkle driften av idrettslag, og et viktig element er å samkjøre flere søknadsfrister og effektivisere rapporteringsprosessen. Dette medfører et behov for å fastsette en siste frist for når idrettslagene må ha avholdt sine årsmøter. Denne fristen er satt til 31. mars. NIF har utarbeidet informasjon til idrettslagene for gjennomføring av årsmøter, samt maler for innkalling, protokoll m.m. Se nettsiden.
MERK: Idrettslaget må vedta en ny lov på sitt årsmøte i 2016:
Som følge av flere endringer i NIFs lov, er lovnormen for idrettslag endret. Alle idrettslag må vedta den nye lovnormen som sin egen lov på neste årsmøte. Det er i tillegg vedtatt nye regnskaps- og revisjonsbestemmelser for små organisasjonsledd. Disse trer i kraft fra 1. januar 2016.
2: Rapportering av medlemsopplysninger innen 30. april
Fristen for idrettsregistreringen flyttes fra 31. januar til 30. april. NIF vil synkronisere opplysningene fra idrettslaget med Brønnøysundregistrene, slik at idrettslagene ikke behøver å melde inn nytt styre til Brønnøysundregistrene. Fra 2016 vil idrettslag som har en brutto omsetning under kr 5 millioner kunne søke om momskompensasjon samtidig med idrettsregistreringen. Denne ordningen er planlagt utvidet til å gjelde for alle idrettslag fra og med 2017.
3: Elektronisk medlemsregister innen 31. desember 2016
Idrettslag er pålagt å føre en elektronisk medlemsliste i et datasystem godkjent av NIF. NIF har utviklet en gratis elektronisk løsning for medlemsadministrasjon («KlubbAdmin»), som gir en automatisk og forenklet rapportering av medlemsopplysninger. Alle idrettslag må ha registrert sine medlemmer i KlubbAdmin eller et annet godkjent system innen 31. desember 2016.
Mvh NIF Informasjon
Historikk
Postet av Førde IL den 19. Nov 2015
Førde Idrettslag (ofte forkorta som "Førde IL" eller "FIL") er eit lokalt fleiridrettslag i Førde kommune.
Idrettslaget vart skipa i 1920 som "Førde Sports og Idretsforening" av den 19 år gamle lensmannsonen Nikolai Schei (seinare jurist, dekorert embedsmann og mangeårig fylkesmann) som også vart den første formannen for idrettslaget. Schei leia også den første turngruppa i Førde som hadde framsyning allereie i 1921. I 1927 hadde idrettslaget turngrupper for både kvinner og menn med til saman 40 medlemmer. Øvingane gjekk føre seg i den gamle barneskulen i Førde.
Det første idrettsanlegget som laget bygde, var hoppbakke og skihytte i Kalsetdalen i 1924. Tidleg på 1930-talet skipa også idrettslaget si eiga fotballgruppe, der utillingsplassen på Toene like ved kyrkja, vart nytta som idrettsplass og fotballbane. I 1932 byrja arbeidet med opparbeiding av ny idrettsplass på Kronborg. Denne idrettsplassen stod ferdig i fredsåret 1945, og ein kunne då invitere til friidrettstevne. Laget fekk handballag for kvinner i 1946.
Då Førdehuset vart opna i 1976 med ny idrettshall, symjebasseng og Førde stadion, vart mykje av idrettslaget sine aktivitetar lokalisert her. Langrenn-, hopp, og skiskytingsmiljøet held til på Langeland Ski- og Fritidssenter, og alpinistane har Sunnfjord Skisenter Blomlia som sin hovudarena. Førde IL er aksjonær i begge dei sistnevnte idrettsanlegga. Seinhausten 2013 vart det også aktivitet i det nye fleiridrettsanlegget Hafstad Idrettspark, eller "Hafstadparken" som det seinare vart offisielt kalla. Det nye FIL-huset vart teken i bruk 08.12.2014, og Hafstadparken offisielt opna 31.05.2015.
I 2015 har Førde Idrettslag 17 særidrettsgrupper, og 5 miljøgrupper/lokalgrupper. Angedalen har sidan 1955 hatt eiga gruppe under idrettslaget, Holsen har hatt si eiga gruppe sidan 1980. Haukedalen hadde eige idrettslag frå 1938 og fram til 1968, då dette vart slege saman med Førde Idrettslag. Klubben si største gruppe, Førde IL Fotball, har mellom anna både herre- og damelag i 2. divisjon i 2015-sesongen. Fotballgruppa har nærare 120 aldersbestemte fotballlag i divisjonssystemet og den lokale grendaserien, og utgjer i aktivitetstall cirka halvparten av Førde IL.
Førde IL hovudlaget var leia av Ove Farsund i perioden 1997 - 2015, og er med sine 18 år den styreleiaren som har site lengst i idrettslaget si historie.
Offisiell logo:
Strøm & Hermansen skal trene A-damelaget
Postet av Førde IL den 11. Nov 2015
John Erik Strøm og Bente Hermansen har takka ja til å trene A-damelaget som spelar i 3. divisjon i 2016. Hovudtrenar Strøm kjem frå trenarjobben for Førde 3 i 5. divisjon, men har elles lang fartstid både som spelar og trenar for Kvik Halden. Ass.trenar Bente Hermansen debuterar som trenar, men har solid spelarbakrunn frå norske og utanlandske toppklubbar. Vi ynskjer den nye duoen lukke til!
Førde United: No også med fotball!
Postet av Førde IL den 8. Sep 2015
Førde United, som til no utelukkande har satsa på handball, debuterte denne helga også som fotballag i ei storstilt landsturnering på Lillehammer. Vi gratulerer det blide laget både med turneringa og flott dobbelside i Firda!
Driftig Friidretts-jenter!
Postet av Førde IL den 6. Aug 2015
I lokalavisa 06.08.15 kan vi lese om dei tre friidretts-jentene Linnea, Ingalill og Anne Linn som denne veka samla over 20 born til leik, moro og friidrett. Eit flott rekrutteringstiltak til sporten jentene er så glade i. Slik tiltaksrik ungdom treng vi fleire av, og vi vonar jentene når sitt mål om fleire, yngre treningskameratar på sikt. Applaus!
Sommaridrettskulen 2015 - framleis ledige plassar
Postet av Førde IL den 4. Jun 2015
Førde IL arrangerer vår tradisjonsrike sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt (veke 26 og 27). Det er opphaveleg satt ei grense på 200 deltakerar per veke, men det er framleis ledige plassar i veke 27-2015 og nokre få i veke 26-2015. Kontaktinfo finn du under.
Melding 04.06.15: Opphaveleg var påmeldingsfristen 25. mai, men det er framleis ledige plassar spesielt i veke 27-2015. Ta kontakt med Tor Emil gjøringbø mob. 95258529 eller sommaridrettskulen2014@outlook.com.
------
Førde IL arrangerer vår tradisjonsrike sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt, veke 26 og 27.
Tilbodet passar for alle barn f.o.m 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene har vi sett eit øvre tak på 200 barn per veke, førstemann til mølla prinsippet. Sommaridrettskulen føregår på dagtid, alle vekedagar, kl. 09 – 15. Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. bading, friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn (tar atterhald om mulige endring i aktivitetane).Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil være inntil 20 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe.
Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her.
PRISAR: Kr. 950,- pr. Veke.
Påmeldingsfrist er 25.05.15
Spørsmål kan rettast til Tor Emil gjøringbø mob.nr. 95 25 85 29 eller på mail sommaridrettskulen2014@outlook.com
Offisell opning av Hafstadparken
Postet av Førde IL den 28. Mai 2015
Søndag 31. mai kl. 13:00 inviterer Førde kommune til offisiell opning av Hafstadparken. Det er ein av våre fremste støttespelarar, Trond Mohn, som får gleda av å klippe snora. Vi ynskjer alle våre medlemmer og idrettsvenner forøvrig velkommen!
Nytt halldekke i Førdehuset
Postet av Førde IL den 28. Apr 2015
I desse dagar blir det snart 19 år gamle halldekket i Førdehuset byta ut. Førde IL har ansett dette som eit såpass viktig skadeførebyggande tiltak at vi har forskottert innntil 2,47 mill av kostnaden i samarbeid med Førde kommune.
Ove takkar av etter 18 år som leiar
Postet av Førde IL den 25. Apr 2015
Det var unekteleg ei litt spesiell og vemodig stemning då Ove Farsund leia sitt siste årsmøte torsdag 23. april 2015. Ove Farsund, som framleis krinsrekorden i slegge (64,20 datert 22.06.1980), har kanskje satt ein klubbrekord som blir enno vanskelegare å slå: Heile 18 år som idrettslaget sin øverste leiar i perioden 1997 - 2015. Eit samla idrettslag takkar deg for lang og tru teneste, Ove!
Innkalling årsmøte Førde IL 23.04.2015
Postet av Førde IL den 18. Mar 2015
Førde Idrettslag innkaller til årsmøte i nye FIL-huset torsdag 23.04.15 kl. 19:00. Vedlagt følgjer sakliste. Styret har også presentert eit framlegg til oppdatert ''Lov for Førde Idrettslag'' i samarbeid med S & Fj. idrettskrins. Vel møtt!
ÅRSMØTE FØRDE IL 2015
Det vert kalla inn til årsmøte i Førde IL torsdag 23.april 2015 kl.1900 i nye FILhuset i Hafstadparken
Årsmelding og rekneskap vert behandla samla for Førde IL sine særgrupper. Særgruppene må sørge for at minst eitt styremedlem er tilstades.
Vinnarar av Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2014:
Desse har vore vurdert: Linn-Mari Nilsen, Håvard G. Bogetveit , Ole Martin Erdal, Torstein Bu, Gjøran Tefre, Teis Haram Malterud, Karoline Erdal, Kari B. Hole, Johannes Betten, Kjerstin Boge Solås, Sedrik Engebø Ullebø og Inga Kårstad Skår .
og Finn Friis Hafstad Minnefond sitt stipend vert kunngjorde.
Utdeling av stipenda vert 17.mai.
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Framlegg: Innkallinga og saklista vert godkjend
Sak 2. Konstituering
a) Val av dirigent.
Framlegg: A.Steen
b) Val av skrivar.
Framlegg:
c) Val av 2 personar til å skrive under protokollen.
Framlegg:
Sak 3. Årsmelding 2014
Framlegg: Årsmeldinga for 2014 vert godkjend
Sak 4. Konsernrekneskap 2014 med revisorberetning.
Framlegg: Rekneskapen for 2014 vert godkjend
Sak 5. Kontingent for 2016
Framlegg: Kontingenten vert uendra: Kr.150.- for barn og kr. 250.- for vaksen.
Sak 6. Budsjett 2015
Framlegg: Budsjettet vert godkjent
Sak 7. Innkomne saker
A.Frå styret: Revisjon av Lov for Førde IL:
Framlegg: Framlegg til vedtak:
Eksisterande Lov for Førde Idrettslag sist endra 06.04.2006 er utdatert på ein del områder
jf. NIF-lova. Framlegg til oppdatert Lov for Førde Idrettslag utarbeidd med bistand frå
Sogn og Fjordane Idrett skrins er ei minimumslov, og vert godkjent av årsmøtet slik den
ligg føre. Lova vert vidaresendt styret i Sogn og Fjordane Idrettskrins for endeleg
godkjenning.
B. Frå styret: Fullmakt til å velje styre til FIL Eigedom AS
Framlegg: Årsmøtet gjev styret i Førde IL fullmakt til å velje styre for FIL Eigedom AS på generalforsamlinga.
C. Frå styret: Nytt namn på klubbhuset
Framlegg:
Sak 8. Val etter vedtektene
Framlegg: Valkomiteen sitt framlegg.
Årsmelding og rekneskap vert sendt ut når dette er klart, samt lagt ut på klubbhuset.
SERVERING.
UTLODDING AV SYKKEL
Førde, 15. mars 2015
Styret
250 løperar på Skikarusellen!
Postet av Førde IL den 15. Jan 2015
Etter eit snøfattig 2014 frykta langrennsporten for rekrutteringa, men heldigvis slo dette ikke til. Når lokalavisa vitja karusellrennet denne veka stilte heile 250 unge håpefulle på startstreken!