Medlemskap i Førde Idrettslag:

På generell basis skal alle som er med på aktivitet i ei særgruppe, vere medlem i hovudlaget.
Under står informasjon rundt dette:

"Medlemskontingenten er inngangsbillett til Førde IL sine aktivitetar, forsikringar og klubbrabatter. Alle som deltek på aktivitetar organisert av Førde IL sine særidrettsgrupper (og er med i den årlege idrettsregistreringa), skal vere betalande medlemer i Førde IL hovudlaget. Medlemskap gjev stemmerett på årsmøter i Førde IL for vaksne medlemar."


Medlemskap i Førde IL Friidrett:
Dersom du ikkje er medlem i Førde IL Friidrett, så kan du søkje om medlemskap via MinIdrett.
Det er treningsavgift for dei som er med på treningar gjennom året. 
For at Førde IL Friidrett skal betale startkontingentar for medlemar, så må ein anten ha betalt treningsavgift (for innetrening), eller for utetrening/aktiv utøvar (Denne er på 300,-)

Medlemar i Friidrettsgruppa vil få tilgang til klubbrabatter.

Du finn info her, om korleis du kan melde deg inn i Førde IL Friidrett:
http://friidrett.fordeidrettslag.no/blog/post/95125/medlemskap-i-forde-il-og-friidrettsgruppa


NB: For aktive utøvarar over 13 år.

For utøvarar som deltek i konkurranse jamnleg, så er det krav frå Friidrettsforbundet at ein skal løyse lisens. På løp utanfor bane kan ein kjøpe enkeltlisens, men for stemner på bane er det krav om heilårslisens.
Lisens inneheld bl.a forsikring, og denne gjeld for både trening og konkurranse.
Ein kan kjøpe lisens her:https://mosjon.friidrett.no/lisens2018

Utan lisens kan ein risikere at resultat vert sletta.

Levert av IdrettenOnline