Oppdatert 04.09.19

Førde IL Friidrett har treningar i Førdehuset etter haustferien, og fram til påskeferien.
Det er og trening i Haukedalen. 

Treningstider ute på Førde Stadion:

Måndag kl 18-19:30 5. Klasse og eldre

Dette er trening for dei som har vore med på innetrening gjennom vinteren og vore med ute gjennom sommaren. Denne går fram til haustferien.


Treningstider haust/vinter:

Treningsdagar i Førdehuset vert måndagar og torsdagar.

Måndagar (5.klasse og eldre) , tidspunkt kjem seinare.

Torsdagar kl 17-19( kl 17-18: 1-2.klasse, kl 18-19 3-4.klasse).

NB: Vi har behov for fleire som kan vere med som trenarar. Ta kontakt med oss om det er aktuelt. 


Treningsavgifter:
Trening haust/vinter: 800,-

Trening ute/-aktiv utøver: 300,-

 (Aktive utøvarar må vere medlem av Førde IL Friidrett, og ha betalt avgifta før vi refunderer startkontingentar.)

Påmelding

Påmeldingsskjema til treningsgruppene vert lagt ut før haustferien, og vert annonsert på nettsider, Facebook og i Firda).
Det er avgrensa antal plassar på gruppene.

Medlemskap:

Dei som deltek på treningane skal vere medlem i Førde Idrettslag.


For spørsmål, bruk kontaktskjema http://friidrett.fordeidrettslag.no/p/20165/kontakt-oss
Eller send e-post til fil.friidrett@outlook.com


 


Powered by: Bloc