Treningsleir Tenerife 2027

Postet av Førde IL - Friidrett den 30. okt 2026

Treningsleir Tenerife 2027

 

Bakgrunn

Førde friidrett ønskjer å skape gode sportslege rammer for friidrettssatsing i Førde. Vi

ønskjer å gjennomføre samling innanfor løp, hopp og kast Tenerife i februar 2027.  

Tid og stad:

Las Americas, Tenerife

Andre halvdel av februar 2027, med 2 alternativ i varigheit:

  • 1 veke
  • 2 veker

Trenarar/Leiarar:

Roger Pollen, mellom- og langdistanse

Kjem tilbake til namn, sprint

Stad:

Sør på Tenerife, i området rundt Playa de las Américas, ligg det svært gode

treningsforhold for friidrett. Området er mykje brukt av nordiske utøvarar og

treningsgrupper gjennom vinterhalvåret. Her er det tilgang til friidrettsbane av høg

standard, gode moglegheiter for lengre løpeturar utanfor bane og tilrettelagde område

for variert trening. Det stabile og milde klimaet gjer at ein kan gjennomføre trening med

gode forhold gjennom heile opphaldet. Anlegga og nærområdet legg til rette for trening

innan dei fleste friidrettsøvingane, både for utøvarar som satsar på uthald, sprint, hopp

og kast


Hotell:

Førde friidrett arbeider med logistikk og overnatting. Etter planen vert overnatting rett i

nærleiken av friidrettsstation, matbutikkar og liknande.

Førde friidrett

Treningsleir februar 2027

Tenerife

Lenkje til friidrettsstadion:

https://www.trainingcamptenerife.com/Sport_Facilities/Antonio_Dominguez_Olimpic_Stadium.html


Fly:  

Førde friidrett arbeider for ei samla reise med fly.


Pris:

Vi anslår at reise og opphald (inkl. frukost) vil ligge i området 10.000-12.000, avhengig av

bustandard, flybillettar, baneleige og liknande.


Målgruppe:

Treningsleiren er primært retta mot satsande utøvarar i Førde Friidrett i alderen 16–30 år,

som har ambisjonar om sportsleg utvikling og ønskjer å satse vidare innan friidrett.

Det er avgrensa kapasitet på leiren. Dersom talet på påmelde overstig kapasiteten, vil

Førde Friidrett gjere ei samla vurdering av søkjarane med utgangspunkt i sportslege

ambisjonar, treningsmotivasjon, bidrag til treningsmiljøet og samansetjinga av

deltakargruppa. Klubben tek atterhald om å prioritere deltakarar ut frå kva som gir best

samla sportsleg utbyte av treningsleiren, også om utøvarar representerer andre klubbar

Utøvarar under 18 år ved start treningsleir må ha følgje av vaksen.


Mål med samlinga:

Målet med samlinga er å få eit godt treningsutbytte gjennom å trene i ideelt klima. I

tillegg dra nytte av at fleire bidre til god treningskultur og få matching på øktene, samt å 

bygge relasjonar.

Treningsleiren har totalforbod mot alkohol for både utøvarar, trenarar og leiarar.


Påmelding:

Påmelding i skjema her: https://forms.cloud.microsoft/e/E1ejefBKzC

I tillegg ligg skjemaet på Førde friidrett sine nettsider og facebook-konto

Påmeldingsfrist 15. desember 2026


Aktivitetar:

Mellom trening er det viktig å restituere og slappe av, men litt rolege aktivitetar er berre

bra for restitusjon og samhald! Andre aktivitetar som hotellet kan freiste med er

basseng, tennisbane, bordtennis mm. Og vi legg opp til å arrangere nokon uhøgtidelege

konkuransar i bl.a. desse aktivitetane.

Vi håpar detta er eit tilbod av interesse, meir informasjon vil komme når påmelding er

ferdig og vi får litt meir oversikt over kven som ønsker å reise.

Førde friidrett

Treningsleir februar 2027

Tenerife

Spørsmål utover det sendast Roger Pollen (rogerpollen@hotmail.com) eller Mari J. Baardsen (mari.baardsen@gmail.com)



Logg inn for å skrive en kommentar.