Veteran NM i Førde blir avlyst

Postet av Vidar Fosse den 31. Mar 2020


Veteran NM i Førde blir avlyst


Vi må dessverre informere om at Veteran NM i friidrett 2020 i Førde blir avlyst.

Avlysinga kjem nok ikkje så overraskande, som vi alle veit påverkar COVID-19 alle arrangement i tida

framover. Det er umogleg å vite korleis situasjonen med viruset er i juni, men vi må ta ekstra omsyn

sidan deler av deltakarmassen er i risikogruppa.


Arrangementet var sett til 26. -28. juni 2020. Vi har sett fram til å sjå mykje god idrett i Førde desse

dagane. Vi håpar at vi kan få arrangere NM på Førde stadion i 2021, eller seinare, men ingenting er

klarlagt angande dette pr no.'


Vi beklagar dette på det sterkaste. Ikkje minst fordi vi veit at mange lokale utøvarar låg i trening for å

delta på dette stevnet.


Førde, 30.03.2020


På vegne av komiteen for Veteran NM i Førde 2020,

Jan Svoen - tlf 415 64 455

Jøran Laukeland - tlf 950 72 118


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.