Informasjon om treningar i Førdehuset.

Postet av Førde IL Friidrett den 12. Okt 2020

Innetreningane startar denne veka.


Det er sendt ut informasjon til dei som har meldt seg på via påmeldingskjemaet vi la ut.
Alle som fylte ut dette før det vart stengt på fredag har fått plass. Dersom nokon ikkje har motteke e-post, så kan det vere at den har hamna i mappa for søppelpost.

Dersom det er nokon som ikkje er medlem i Førde IL, så må dei melde seg inn.
Det ligg informasjon om korleis ein melder seg inn her:
https://friidrett.fordeidrettslag.no/p/23633/medlemskap-i-forde-il-og-forde-il-friidrett


Treningstider:

Måndag:
5.kl og eldre trenar frå 17:15 til 18:45

Torsdag:
1-2.klasse trenar frå kl 18-19
3-4.klasse trenar frå kl 19-20

NB: Ein skal møte utanfor hall 3 i Førdehuset, og gå inn ilag med trenarane.

Når det gjeld fleire plassar på trening, så må vi sjå korleis det går i starten, før vi evt. gir plass til fleire.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline