Krinslagssamling og dommarkurs

Postet av Førde IL - Friidrett den 5. Feb 2018

Litt info som kan vere nyttig å få med seg:

Krinslagssamling:

Siste helga i februar er det krinslagssamling for dei som er 13 år eller eldre på Sandane.

Dette er ei samling som er open for dei som har lyst.

Nemnde denne på trening idag, og det er fleire som har meldt seg på frå Førde, håpar det er fleire som har lyst.

Invitasjonen frå krinsen ligg her.

https://www.friidrett.no/k/sogn-og-fjordane/nyheter/krinslag-i-sogn-og-fjordane/

Dommarkurs:

Vi tek sikte på å kome igang med arrangering av stemne igjen. Då treng vi fleire dommarar.

Om foreldre eller andre har lyst, og det vert mange nok, så håpar vi å kunne dra igang eit kurs i Førde.

Om det er noken som allereie er dommarar, så gje ein lyd. Anten på melding eller til fil.friidrett@outlook.com

Helsing

Førde IL Friidrett




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.