Treningsavgift for haust/vinter

Postet av Førde IL - Friidrett den 14. Nov 2017

Treningsavgift er no sendt ut til dei fleste som er med treningane til Førde IL Friidrett. Avgifta kan betalast via MinIdrett, eller ved å betale faktura som er sendt ut på e-post.

Det gjenstår å sende ut til dei som ikkje er registrert i Førde IL, håpar at ein kan ta ein sjekk og melde seg inn. Det er kjapt gjort, og ein finn veiledning til dette her: http://friidrett.fordeidrettslag.no/blog/post/95125/medlemskap-i-forde-il-og-friidrettsgruppa 

Dei det gjeld vil og få ein e-post iløpet av nokre få dagar.


0 Kommentar

Påmelding til innetreningar opnar onsdag

Postet av Førde IL - Friidrett den 3. Okt 2017

Påmelding til innetreningane vert opna onsdag.
Ein kjem inn på skjema ved å klikke på linken under.

Påmelding til friidrettstrening


Merk: Linken vert aktiv kl 12.


0 Kommentar

Oppdatert info ang. trening og påmelding

Postet av Førde IL - Friidrett den 27. Aug 2017

Vi har oppdatert sida som inneheld treningstider med litt informasjon ang. hausten/vinteren, og påmelding.

Info om påmelding og treningstider


0 Kommentar

Karoline Holsen Kyte (24) utteken til EM i motbakkeløp!

Postet av Førde IL - Friidrett den 30. Jun 2017

Vår eiga kondis-prinsesse Karoline Holsen Kyte (24) har hatt ein formidabel vårsesong med andreplass i sentrumløpet, utklassingssigrar i Grefsenkolen Opp, Råtassen, ny løyperekord i Molde7topper, Hovlandsstølen opp m.m. Difor var det gledeleg men også full fortent når Karoline fekk billett til EM i Motbakkeløp i Slovenia 8. juli ! Med den forma Karolina har utvist så langt i sesongen, så er det faktisk lov å håpe på medalje. FØLG MED, FØLG MED!

2017.06.30 Firda om Karoline Holsen Kyte som er utteken til EM i motbakkeløp.pdf


0 Kommentar

Sleggeoppvisning med Thomas Mardal på Førde Stadion, torsdag 15.06, kl 12

Postet av Førde IL - Friidrett den 13. Jun 2017

(Invitasjon frå Ove Farsund:)

Torsdag kl.1200 skal Thomas Mardal motta stipend som nybakt kretsrekordinnehavar i slegge med 66,70m.

Seansen vert på Førde Stadion kl.1200.

For meir bakgrunn sjå vedlegget, der eg i 2007 lovde 10 000.- til han som sletta kretsrekorden min.

Han vil i samband med dette vise sine kunstar i ringen, kanskje saman med ein lovande juniorkastar frå Gloppen, Håkon Roset.

Thomas mottok Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Furorestipend i 2016.

Komande år har han fått scolarship ved University of Florida.

Thomas er utvilsamt eit av Norges største idrettstalent. (10,97 på 100m som sleggekastar er bra).

Min påstand er at om 4-5 år vil vi sjå han som VM-og OL-deltakar i friidrett.

Velkomen til Førde Stadion kl.1200!

NB! Oppstilling i Nordre sving,på grasvollen bak kastburet.

https://www.firda.no/sport/gloppen/nyheiter/evald-og-thomas-har-kvalifisert-seg-til-europameisterskap/s/5-15-403968


0 Kommentar

Klubbkveld - Erdal Sport - Måndag 29.05

Postet av Førde IL - Friidrett den 26. Mai 2017

Førstkomande måndag 29.05, kl 15-19 så er det klubbkveld for friidrettsgruppa på Erdal Sport.

Det er mulighet å kjøpe kjøpe treningsklede og sko til gode prisar.

Det er mulig å bestille klubb bekledning.

Representant frå Craft skal vere på plass i butikken denne dagen.


0 Kommentar

Førde Stadion - Bana stengt måndag (29.05) og tysdag (30.05)

Postet av Førde IL - Friidrett den 25. Mai 2017


Måndag 29.05 og tysdag 30.05 vert det utført vask av dekket på løpebanene.

Bana er difor stengt for trening måndag og tysdag.

Dersom det vert endring noko endring i tidspunkt, så vert denne meldinga oppdatert.


0 Kommentar

Årsmøte Førde IL Friidrett - 28.02, kl 20

Postet av Førde IL - Friidrett den 10. Feb 2017

Førde IL Friidrett kallar inn til årsmøte tysdag 28.02, kl 20

Møtet vert halde i FIL-huset i Hafstadparken.

Årsmøtesaker:

- Vanlege årsmøtesake

- Eventuelle innkomne saker

Saker som skal takast opp på årsmøtet må vere sendt inn til gruppestyret seinast onsdag 22.02.

Saker kan sendast pr. e-post til adressa: fil.friidrett@outlook.com


Helsing
Styret i friidrettsgruppa.


0 Kommentar

Oppstart trening etter nyttår

Postet av Førde IL - Friidrett den 1. Jan 2017

Trening etter nyttår:


Då er det på tide å starte aktiviteten i eit nytt år😊

Den eldste gruppa har første ordinære trening måndag 09.01, altså neste veke.

1-2.klasse og 3-4.klasse har trening førstkomande torsdag, 05.01

Stemne på Sandane 14.01:
Fjellhug/Vereide IL og Sandane T&IL arrangerer innandørs friidrettsstemne laurdag 14.januar. Sjå meldinga som vart lagt inn på FB sida vår av Dagfinn Nyhammer på søndag .
Det er frå 8-19 år. Øvingar: 60m, lengde, høgde, kule. Dersom noken vil delta, gje beskjed til Førde IL Friidrett, så vil vi sende inn samla påmelding.

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline