Medlemskap i Førde IL og friidrettsgruppa

Postet av Førde IL - Friidrett den 30. Okt 2016

Ved gjennomgang av registreringar, så ser vi at det er ein del av dei som har meldt seg på, som ikkje ser ut til å vere medlem av Førde IL (hovudlaget).

Dei som deltek i aktivitet i undergrupper i idrettslaget skal vere medlem av hovudlaget.

Det er raskt gjort å melde seg inn via Min Idrett, og vi håpar at alle har tid å bruke nokre minutt på å sjekke medlemskap.


Innmelding/oppretting av brukar:

Du går inn på https://minidrett.nif.no

Velg ny bruker når kjem inn på sida.

Du får då opp vindauget under, der du kan leggje inn nødvendig informasjon for å opprette ny brukar:

Medlemskap kan du legge til når du har fått registrert bruker, og har fått logga inn:



Velg «Finn ny klubb»



Klikk på teksten om Førde Idrettslag så den blir markert. Då vil du få opp liste over dei ulike undergruppene, slik at du kan melde deg inn i Friidrettsgruppa også.



NB: Hak av for «friidrett (gren)».
Og deretter på «Send Søknad».

Søknad vil då vere under behandling:


Du finn og veiledninga her:Bli_medlem_av_friidrettsgruppa.pdf

Det står link til video med veiledning her: http://www.fordeidrettslag.no/p/17569/bli-medlem-(min-idrett)


På forhånd takk:-)



0 Kommentar

Fullt på alle treningsgruppene til friidrettsgruppa i Førdehuset

Postet av Førde IL - Friidrett den 24. Okt 2016

Det har vore god interresse rundt treningane til friidrettsgruppa. Alle dei tre gruppene i Førdehuset er no fulle.

Det vert god aktivitet utover hausten😊

Om ein har spørsmål, så kan ein sende det inn på e-post til: fil.friidrett@outlook.com eller bruke "kontakt oss" skjemaet http://friidrett.fordeidrettslag.no/p/20165/kontakt-oss



0 Kommentar

Informasjon om innetreningar i Førdehuset hausten 2016 - vinteren 2017

Postet av Førde IL - Friidrett den 22. Sep 2016

Innetreningar har oppstart veka etter haustferien.


Opning av påmelding vert annonsert på Facebook gruppa til Førde IL Friidrett, her på internettsida til Førde IL Friidrett, og med ei annonse i avisa, rett før haustferien.


Det er to treningsdagar, måndag og torsdag.

Tidspunkt for gruppene:

Dag

Tidspunkt

Klasse

Måndag

17:30-19:00

5. klasse og eldre (Fullt)

Torsdag

18:00-19:00

1.-2.klasse (Fullt - venteliste)

Torsdag

19:00-20:00

3.-4.klasse (Fullt)

Torsdag 18:30-19:30 Frøysland Skule
(1.klasse og eldre)

Treningsavgifter:
1 Born kr 700, 2 born kr 1100,-, 3 born 1400,-


Påmelding

Gruppene er fulltegna.

(Dei som skal trene på Frøysland skule kan registrere seg på trening.)

NB: Det er begrensa antall plassar.

Det vert sendt ut faktura i etterkant av at påmeldingar er registrert.

Det er viktig at dette vert betalt inn. Det er også viktig at ein er nøye med å registrere inn korrekt informasjon, då vi bruker dette som grunnlag for oppdatering av medlemsregister, og for å ha kontaktinformasjon.

Ved oppstart av treningane vil det bli levert ut eit informasjonsskriv.

Dette skal vi og leggje ut på Friidretten sine sider, slik at det er lett tilgjengeleg.


0 Kommentar

Gull til Arne Tefre i veteran EM i friidrett.

Postet av Førde IL - Friidrett den 3. Apr 2016

Arne Tefre tok gull i tresteg i klasse M60 under veteran EM i friidrett i Ancona, med eit hopp på 11,66m !

Førde IL Friidrett gratulerer!

https://www.friidrett.no/nyheter/em-veteran/


0 Kommentar

Oppdatering av innhald på nettsidene til Førde IL - Friidrett

Postet av Førde IL - Friidrett den 23. Mar 2016

Utover våren vil innhaldet på sidene til Førde IL - Friidrett verte oppdatert. Informasjon vert lagt ut på friidretten sine Facebook sider, men vi vil og forsøke å halde desse sidene meir oppdatert og.


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline