Oppdatert informasjon om treningstider med meir.

Postet av Førde IL - Friidrett den 8. Sep 2019

Vi har oppdatert informasjon om treningstider. Du finn det under menyen for Trening - Medlem og Treningstider, eller ved å gå på linken under:

https://friidrett.fordeidrettslag.no/p/23632/treningstider





Idrettsmerkejubilant - Arnfinn Grøneng

Postet av Førde IL - Friidrett den 14. Jun 2019

Tysdag kveld fekk idrettsmerkejubilantar merke og diplom frå idrettskrinsen.

Dei tok idrettsmerket for 40., 50. eller 60. gong i 2018.

Blant desse var Arnfinn Grøneng frå Førde IL, som tok sitt 40. merke.

Gratulerer til Arnfinn, og resten av jubilantane!

Les meir på idrettskrinsen sine sider:

https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/sogn-og-fjordane-idrettskrins/nyheter/velfortent-heider-til-idrettsmerkejubilantar/



Informasjon rundt lag til Breimsstafetten

Postet av Førde IL - Friidrett den 11. Apr 2019

Det er snart tid for Breimsstafetten.


Det vert arrangert 2 testløp med tanke på gute- og jentelag. Første testløp er 22.april.


Dei som er interressert i å vere med på gute- eller jentelag på Breimsstafetten må stille på testløpa. Det gjeld uavhengig av om ein har gått fast på trening i vinter, eller ikkje.


Lag til stafetten vert tatt ut basert på desse løpa, og dei som er registrert som deltakarar der.


Lag frå Førde som skal delta på stafetten skal vere meldt på av Førde IL Friidrett.


Vi satsar og på å få stilt fleire rekruttlag. Vi kjem med meir informasjon rundt det.


Helsing
Førde IL Friidrett.



Årsmøte i friidrettsgruppa tysdag 26.02, kl 20

Postet av Førde IL - Friidrett den 11. Feb 2019

Førde IL Friidrett kallar inn til årsmøte tysdag 26.02 , kl 20


Møtet vert halde i FIL-huset i Hafstadparken.

Årsmøtesaker:

- Vanlege årsmøtesaker

- Eventuelle innkomne saker


Saker som skal takast opp på årsmøtet må vere sendt inn til gruppestyret seinast fredag 22.02.

Saker kan sendast pr. e-post til adressa: fil.friidrett@outlook.com


Helsing

Styret i friidrettsgruppa.



Påmelding til friidrett, 1-2.klasse og 3.-4.klasse. Opnar kl 20

Postet av Førde IL - Friidrett den 19. Sep 2018

Det nærmar seg haustferie, og vi legg ut dei plassane vi har tilgjengelig for påmelding.

Det gjeld 1.-2.klasse gruppa (torsdagar kl 18-19), og 3.-4.klasse gruppa (torsdagar kl 19-20).

Vi har ikkje mulighet å opne opp for påmelding på gruppa for 5.klasse og oppover.

Her er link til påmeldingsskjema som vert opna kl 20: https://friidrett.fordeidrettslag.no/events/ticketcart?eventid=1000024837


Informasjon om ein har fått plass, vil ein få etter at påmeldingsperioden er over.


(Dei som har svart på skjema om at dei ville fortsetje på friidrett, skal ha fått e-post ang. plass.)



Levert av IdrettenOnline