Oppdatert 03.10.22

Påmelding til trening i Førdehuset

Påmelding til innetrening vert lagt ut no i veke 40. Link til påmeldingsskjema vert lagt ut her når det er klart.

Link til påmeldingsskjema: https://friidrett.fordeidrettslag.no/events/ticketcart?eventid=1000077326

Vi treng nokre fleire trenarar på 1-2.klasse gruppa, så dersom nokon har lyst/anledning til det, så set vi pris på det.

---

Førde IL Friidrett har treningar i Førdehuset etter haustferien, og fram til påskeferien.

Det er og trening i Haukedalen.


Treningstider ute på Førde Stadion:

Måndag kl 18-19:30 5. Klasse og eldre

Dette er trening for dei som har vore med på innetrening gjennom vinteren og vore med ute gjennom sommaren. Denne går fram til haustferien.


Treningstider haust/vinter (22/23):

Treningsdagar i Førdehuset vert måndagar og torsdagar.

Måndagar  
kl 18-19 1-2.klasse
Kl 19-20 5.klasse og eldre 

Torsdagar
kl 17-18 3-4.klasse


Treningsdag i Haukedalen er måndag, kl 18:30-19;30/19:00-20:00 (Ei økt med styrke og ei med spenst)


Treningsavgifter:

Trening haust/vinter: 800,-

Trening ute/-aktiv utøver: 300,-

Aktive utøvarar må vere medlem av Førde IL Friidrett, og ha betalt avgifta før vi refunderer startkontingentar.

Dei som deltek på treningane skal vere medlem i Førde Idrettslag.