Sleggeoppvisning med Thomas Mardal på Førde Stadion, torsdag 15.06, kl 12

Postet av Førde IL - Friidrett den 13. Jun 2017

(Invitasjon frå Ove Farsund:)

Torsdag kl.1200 skal Thomas Mardal motta stipend som nybakt kretsrekordinnehavar i slegge med 66,70m.

Seansen vert på Førde Stadion kl.1200.

For meir bakgrunn sjå vedlegget, der eg i 2007 lovde 10 000.- til han som sletta kretsrekorden min.

Han vil i samband med dette vise sine kunstar i ringen, kanskje saman med ein lovande juniorkastar frå Gloppen, Håkon Roset.

Thomas mottok Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Furorestipend i 2016.

Komande år har han fått scolarship ved University of Florida.

Thomas er utvilsamt eit av Norges største idrettstalent. (10,97 på 100m som sleggekastar er bra).

Min påstand er at om 4-5 år vil vi sjå han som VM-og OL-deltakar i friidrett.

Velkomen til Førde Stadion kl.1200!

NB! Oppstilling i Nordre sving,på grasvollen bak kastburet.

https://www.firda.no/sport/gloppen/nyheiter/evald-og-thomas-har-kvalifisert-seg-til-europameisterskap/s/5-15-403968




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc