Karoline Holsen Kyte (24) utteken til EM i motbakkeløp!
Postet av Førde IL - Friidrett den 30. Jun 2017
Vår eiga kondis-prinsesse Karoline Holsen Kyte (24) har hatt ein formidabel vårsesong med andreplass i sentrumløpet, utklassingssigrar i Grefsenkolen Opp, Råtassen, ny løyperekord i Molde7topper, Hovlandsstølen opp m.m. Difor var det gledeleg men også full fortent når Karoline fekk billett til EM i Motbakkeløp i Slovenia 8. juli ! Med den forma Karolina har utvist så langt i sesongen, så er det faktisk lov å håpe på medalje. FØLG MED, FØLG MED!
2017.06.30 Firda om Karoline Holsen Kyte som er utteken til EM i motbakkeløp.pdf
Sleggeoppvisning med Thomas Mardal på Førde Stadion, torsdag 15.06, kl 12
Postet av Førde IL - Friidrett den 13. Jun 2017
(Invitasjon frå Ove Farsund:)
Torsdag kl.1200 skal Thomas Mardal motta stipend som nybakt kretsrekordinnehavar i slegge med 66,70m.
Seansen vert på Førde Stadion kl.1200.
For meir bakgrunn sjå vedlegget, der eg i 2007 lovde 10 000.- til han som sletta kretsrekorden min.
Han vil i samband med dette vise sine kunstar i ringen, kanskje saman med ein lovande juniorkastar frå Gloppen, Håkon Roset.
Thomas mottok Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Furorestipend i 2016.
Komande år har han fått scolarship ved University of Florida.
Thomas er utvilsamt eit av Norges største idrettstalent. (10,97 på 100m som sleggekastar er bra).
Min påstand er at om 4-5 år vil vi sjå han som VM-og OL-deltakar i friidrett.
Velkomen til Førde Stadion kl.1200!
NB! Oppstilling i Nordre sving,på grasvollen bak kastburet.